Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Eksportprisen på fersk laks auka med heile 11,7 prosent i veke 23. Laksen kostar no 64,70 kroner per kilo. Samtidig fall mengda som vart eksportert.
npk@npk.no
Publisert: 15.06.2016 kl 11:00
I veke 23 vart det eksportert 12.500 tonn fersk eller nedkjølt laks, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB). Det er 19,1 prosent mindre enn i veka før.
Prisen på oppdrettslaks er dei høgste sidan slutten av 1980-talet, skriv Dagens Næringsliv. Ifølgje avisa har fleire importørar i Tyskland, Italia og i Baltikum kravd oppbod eller slutta å kjøpe norsk laks.
– Vi merkar at fleire kjøparar slit på betalingssida. Eit par store aktørar har gått konkurs. For eitt år sidan inngjekk mange kontraktar med kundar då lakseprisen var 40 kroner. No er snittprisen nesten 60 kroner. Dei som må selje til låg pris og kjøpe dyrt, dei slit no, uttalte dagleg leiar Ole Kristian Kjellbakk i eksportselskapet Polar Quality nyleg.
Årsaka til prisoppgangen er auka etterspørsel og redusert produksjon, blant anna på grunn av store problem med lakselus i Noreg og sjukdom i Chile. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.