Annonse

Kraftig auke i talet på cruisebesøk

Dei siste sju åra har talet på cruisepassasjerar som går i land i norske hamner, auka med nesten 1,5 millionar - eller drygt 56 prosent.

I 2012 gjekk drygt 2,5 millionar cruisepassasjerar i land i ei norsk hamn. I år er tala venta å bli nærare 4 millionar, viser tal som NTB har henta inn frå Cruise Norway.

Dette er likevel ikkje den reelle mengda passasjerar, sidan éin passasjer kan gå i land fleire stader. Alle skip er pålagt å melde inn talet på passasjerar og nasjonaliteten deira til hamnestyresmaktene på staden skipet legg til.

Samtidig viser prognosar at cruiseskipa vil gjere 2.365 besøk i norske hamner i år, mot 2.063 i 2012. Det utgjer ein auke på nærare 15 prosent.

Dei meste populære hamnene er Bergen, Geiranger, Stavanger, Ålesund, Flåm, Romsdalsfjorden, Tromsø, Nordfjord, Nordkapp og Oslo.

(©NPK)

Cruiseskipet Viking Sky kom til Molde etter problema som oppstod ved Hustadvika i Møre og Romsdal laurdag. Sidan 2012 har talet på cruisepassasjerar som går i land i norske hamner, auka med 56 prosent. Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix / NPK