Annonse

Minst to omkom i eksplosjon på kinesisk gassanlegg

To personar omkom og 12 personar er sakna etter ein kraftig eksplosjon på eit gassanlegg i Henan-provinsen i Kina, melder statlege CCTV.

I tillegg er 18 personar alvorleg skadde etter eksplosjonen i gassanlegget, som ligg i byen Sanmenxia. Video frå området viser store mengder grå røyk.

Eksplosjonen som skjedde rundt klokka 17.50 lokal tid fredag, knuste vindaugsruter i ein radius på 3 kilometer, ifølgje den statlege kanalen.

78 menneske omkom i mars etter ein eksplosjon på ein kjemisk fabrikk i Tianjiayi i Kina.

(©NPK)