Annonse

Jordskjelv ramma Aten

Eit jordskjelv målt til 5,1 på Richters skala har ramma Aten. Det er ikkje meldt om personskadar.

Annonse

Skjelvet, som hadde senteret sitt 23 kilometer nordvest for Aten, har slått ut telefon- og mobilnettet. Ristinga kunne merkast i den greske hovudstaden, og fleire innbyggarar sprang ut i gatene i frykt.

Det er førebels ikkje meldt om personskadar eller større øydeleggingar, men brannmannskap har redda mange som var fanga i heisar, melder statlege TV ERT.

- Folk må bli verande rolege, seier Efthymios Lekkas, som leiar den statlege etaten som jobbar med vern mot jordskjelv, til ERT.

Han legg til at det ikkje er grunn til bekymring, og at bygningane i hovudstaden er bygde for å tole langt kraftigare jordskjelv.

Seismolog Gerassimos Papadopoulos seier at det har vorte observert tre mindre etterskjelv.

Skjelvet vart målt til 5,1 på Richters skala av det geologiske instituttet i Aten, men ifølgje det amerikanske jordskjelvsenteret (USGS) er styrken 5,3.

Hellas ligg i eit jordskjelvutsett område. I juli 2017 omkom to personar på øya Kos etter at eit jordskjelv med ein styrke på 6,7 forårsaka betydeleg skade.

I 1999 omkom 143 menneske etter eit jordskjelv i Aten og regionen nordvest for hovudstaden. Dette hadde ein styrke på 5,9.