Annonse

Kraftig pund-fall etter at brexitministeren gjekk av

Britiske pund fell kraftig etter nyheita om at brexitminister Dominic Raab trekkjer seg i protest mot avtaleutkastet Storbritannia og EU har vorte einige om.

Raab offentleggjorde torsdag morgon at han trekkjer seg som minister i statsminister Theresa Mays regjering.

Kort tid etter Raabs avgang fall pundet kraftig. I 10.30-tida torsdag formiddag har pundet falle med rundt 1,3 prosent mot euroen, rundt 1,2 prosent mot amerikanske dollar og rundt 1,5 prosent mot norske kroner, noko som er store fall for ein etablert og sterk valuta.

«Eg kan ikkje med godt samvit støtte vilkåra som er foreslått for avtalen vår med EU», skriv Raab på Twitter.

(©NPK)

Dominic Raab offentleggjorde torsdag morgon at han trekkjer seg som brexitminister. Foto: Virginia Mayo / AP Photo / NTB scanpix