Annonse

Kraftig regn har bidratt til auke i vass-skadar

Kraftig regn på kort tid har bidratt til at det er registrert vass-skadar for 2,3 milliardar kroner i bustader og hytter, ifølgje Finans Norge.

Talet på 2,3 milliardar kroner utgjer ein auke på 5 prosent samanlikna med same periode i fjor.

I september var det vass-skadar for 400 millionar kroner på landsbasis. Nesten 300 millionar kroner kjem av vêret.

- Det er særleg snakk om vassinntrenging utanfrå og tilbakeslag frå avløpsrøyr, der vatnet går tilbake og inn i bustaden, seier kommunikasjonssjef Stine Neverdal i Finans Norge.

Neverdal legg til at det er eit større sannsyn for å få ein vasskade enn innbrot og brann til saman. I gjennomsnitt blir det oppdaga ein vasskade kvart åttande minutt i norske heimar, ifølgje Finans Norge.

- Sett på tilstrekkeleg varme når du reiser bort på ferie, eller på helgetur no i vinter. Dette er viktig for å unngå frostsprengde røyr. Forhåpentlegvis passar folk godt på både hytter og hus i vinter, seier Neverdal.

(©NPK)

Kraftig nedbør ved Vulkan i Oslo i august førte til store vassmassar i byen. Foto: Audun Braastad / NTB scanpix