Annonse

Kraftig vekst i talet på politiske fangar i Russland

Talet på politiske fangar i Russland har stige frå 362 til 420, ifølgje den største menneskerettsorganisasjonen i landet Memorial.

Annonse

Trenden minner om situasjonen for opposisjonelle i slutten av Sovjettida, då det var over 700 politiske fangar i landet, seier Memorial i ei fråsegn.

I alt skal det no vere minst 420 politiske fangar i Russland, blant dei den leiande Kreml-kritikaren Aleksej Navalnyj. Han vende tilbake til Russland i januar, etter å ha fått behandling for eit nervegiftangrep i 2020, og vart omgåande arrestert.

Talet er ein auke frå 362 i fjor, etter store undertrykkingar frå styresmaktene mot kritiske stemmer. Navalnyj vart i februar dømt til to og eit halvt års fengsel for brot på meldeplikta knytt til ein tidlegare vilkårsdom. Dei politiske organisasjonane hans vart forbodne, medan ei rekkje medium vart klassifiserte som«utanlandske agentar».

– Vi er på veg tilbake til metodane som vart praktiserte i Sovjettida, seier journalisten Aleksandr Podrabinek.

Blant dei politiske fangane finn ein òg 68 medlemmer av Jehovas vitne, som vart forbode i Russland i 2017.

(©NPK)