Kraftige supporteropptøyar i Napoli framfor meisterligakamp

Opprørspoliti i Napoli har brukt tåregass mot fotballsupporterar som lagar bråk før meisterligakampen i kveld mellom Napoli og Eintracht Frankfurt.

Ifølgje lokalavisa Il Mattino og andre italienske medium er det spenning i sentrum av byen etter at om lag 600 Eintracht-supporterar har teke turen til Napoli mot lokale styresmakters vilje.

Det er sett fyr på minst éin politibil, og ei rekkje andre bilar skal vere skadd som følgje av supporterbråket. Storavisa Gazzetta dello Sport rapporterer at 800 politibetjentar er plasserte ut for å sørgje for at Eintracht- og Napoli-supporterar ikkje barkar i hop.

Det italienske innanriksdepartementet har før kampen nekta Napoli å selje billettar til tyske supporterar som følgje av scenene som gjekk føre seg då laga møttest i Frankfurt i februar.

Då vart 36 personar arresterte av politiet etter å ha vore involvert i slåstkampar mellom supportergrupperingane.

Om lag 400 Eintracht-supporterar skal ha komme til Napoli tysdag kveld sjølv om dei ikkje får vere på stadion. Tyskarane har i utgangspunktet rett til 2400 bortebillettar til kampen.

Eit kommunalt busselskap har sett opp bussar for å frakte dei tyske fotballtilhengjarane trygt tilbake til hotella sine, men Eintracht-fansen nekta å gå om bord, skriv Il Mattino.

Napoli leier 2–0 frå det første oppgjeret i åttedelsfinalen i Meisterligaen og er storfavoritt til å gå vidare. Kampstart onsdag kveld er klokka 21.

(©NPK)

Eintracht Frankfurt-supportarar i Napoli før meisterligakampen onsdag kveld. Foto: Alessandro Garofalo, LaPresse via AP / NTB