Annonse

Kraftkommunar krev klart svar om skatteinntektene

Kraftkommunane ber Siv Jensen forkaste Sanderud-utvalets forslag alt før høyringsfristen er ute, så kommunane veit kva dei har å rutte med i åra som kjem.

- Dei endringane utvalet har foreslått, endrar alt. Dei har sett i spel heile kraftskatteregimet. Men ein rådmann har plikt til å vise kva som er dei sannsynlege inntektene til kommunen. Då er den uvissa nesten ikkje til å leve med, seier Torfinn Opheim, leiar for Landssamanslutninga for vasskraftkommunar (LVK).

Derfor håper han både stortingspolitikarar og finansminister Siv Jensen (Frp) så fort som mogleg kan slå fast at forslaget frå kraftskatteutvalet, leidd av Per Sanderud, er uaktuelt.

Utvalet foreslår å skrote dei ulike ordningane som gir kraftkommunane inntekter direkte og heller sluse all skatt til staten. Så blir det opp til politikarane nasjonalt å fordele inntektene mellom stat og kommune.

Langsiktige avtalar

Onsdag var rådmenn, ordførarar og kommunebyråkratar samla i Oslo for å førebu seg på å skrive høyringssvara sine. Svarfristen er 1. januar. Men Opheim meiner kommunane treng svar alt i haust på om politikarane på Stortinget og regjeringa vil gå inn for ei så omfattande endring.

Inntektene til kommunane frå vidaresal av billeg konsesjonskraft er blant ordningane som no er i det blå. Salet blir ofte avtalt opptil fire år framover i tid. Sal av konsesjonskraft gir til saman rundt 2,5 milliardar kroner i inntekter til 258 kommunar.

- Det er ein del sjukeheimsplassar, påpeikar Opheim.

I staden for å jobbe vidare med forslaget frå kraftskatteutvalet, ber han regjeringa setje seg ned med kommunane og bransjen for å diskutere kraftskatten.

- Viktig med open høyring

Finansdepartementet ser likevel ikkje ut til å komme ønsket frå vasskraftkommunane om eit svar alt i haust, i møte.

- Når eit ekspertutval har utarbeidd ei utgreiing, fortener ho å få ei skikkeleg behandling, og det er viktig for den demokratiske prosessen at det er ei open høyring slik at fleire får uttalt seg om fordelar og ulemper med forslaga, skriv statssekretær Jørgen Næsje (Frp) i Finansdepartementet i ein e-post til NTB.

Han understrekar at regjeringa er opptatt av at vasskrafta òg i framtida gir positive ringverknader for lokalsamfunna.

- Slik eg ser det, er det ikkje noko i forslaget frå utvalet som hindrar at kraftinntektene til kommunar og fylke blir haldne oppe, legg han til.

Vil ha forandring

Næsje påpeikar at hensikta med utvalet var å få vurdert korleis ein best mogleg kan legge til rette for samfunnsøkonomisk lønnsame investeringar i miljøvennleg vasskraft.

LVK og kraftbransjen, der kommunesektoren sjølv er blant dei største eigarane, ønsker òg endringar i skatteregimet, men mykje mindre omfattande enn det utvalet foreslår. Dei ber berre om endringar i den såkalla grunnrenteskatten, som i dag går til staten. Det er her hinderet for lønnsame investeringar ligg, meiner bransjeorganisasjonen Energi Norge.

Vasskraftkommunane og kraftbransjen jobbar no med å overtyde stortingspolitikarane om at Sanderud-utvalets forslag ikkje har livets rett. Både KrF og Venstre har alt gått langt i å avvise forslaget. Også Arbeidarpartiet og Senterpartiet er negative.

(©NPK)

Leiar av Landssamanslutninga for vasskraftkommunar (LVK) Torfinn Oppheim. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix