KrF-arar i Agder i ferd med å snu og støtte Hareide

KrF-leiar Knut Arild Hareide kan ha klart å overtyde fleire partifellar i «bibelbeltet» om å søke regjeringsmakt med Ap og Senterpartiet.

Ifølgje Fædrelandsvennen er det rørsle blant fleire KrF-arar etter rådsmøtet i Vennesla i førre veke.

- Eg meinte det var rett av partiet å gå inn i regjeringa i dag med Frp. Men etter å ha høyrt argumenta til Hareide og tenkt på dei han seier, så har eg snudd. Eg kjem til å støtte forslaget om å gå i regjering med Ap og Sp, seier styremedlem Celina Hagen i Kristiansand KrF til avisa.

Ho seier innsikta til partileiaren og tilrådingar veg tungt. Dessutan vil det vere brot på eit valgløfte å gå inn i regjering med Frp. Og sjølv om ho «likar Erna Solberg» så har statsministeren valt Frp.

- Vi har peikt på Erna fleire gonger, men ho har ikkje peikt på oss, seier Hagen.

Tidlegare gruppeleiar for KrF i Lindesnes, Svein Lystøl, seier partiet må prøve noko nytt og at Hareides linje er logisk. Han meiner det ikkje er tvil om at fylkesårsmøtet i Agder KrF 26. oktober vil ha «slagside for Frp».

- Men det er litt rørsle, seier Lystøl.

Han legger til at usikkerheita ligg i kor mange som støtter forslaget om å bli i opposisjon som i dag - og kva for ei side dei vil falle ned på når det fell.

(©NPK)