Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Kristeleg Folkeparti meiner det kan vere fornuftig å fjerne særordningar for flyktningar, men fryktar nye fattigdomsfeller.
npk@npk.no
Publisert: 04.07.2016 kl 14:02
– Dersom vi gjer endringar som bidrar til at fleire vil få behov for sosialhjelp, så har vi mislykkast. Det vil også auke belastinga for kommunane, seier stortingsrepresentant Anders Tyvand til NTB.
Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H) la måndag fram forslag til ei rad innstrammingar i velferdsordningane til flyktningar.
Samtidig er det viktig å ha ordningar som fungerer som insentiv til å delta aktivt i samfunnet og i arbeidslivet, påpeikar han.
– Men vi må passe på så vi ikkje skaper nye fattigdomsfeller.
Forslaga skal no ut på høyring før Stortinget behandlar saka til hausten.
– KrF vil vente på innspela i høyringsrunden og gå grundig inn i forslaga før vi tar endeleg stilling til dei, seier Tyvand. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.