Annonse

KrF justerer prinsipprogrammet

KrF har starta arbeidet med å fornye og justere det ideologiske fundamentet til partiet, kjent som prinsipprogrammet.

Annonse

Startskotet for den omfattande prosessen starta under landsstyremøtet fredag, skriv Vårt Land.

– Det vil gå over etappar, men det skal vere eit skikkeleg og grundig arbeid der folk skal kjenne seg igjen. Samtidig skal vi tenkje at vi er i 2023–2025, seier KrF-leiar Olaug Bollestad til avisa.

Det er landsstyret som set opp kva tema som skal diskuterast, og ei arbeidsgruppe skal jobbe vidare med prosessen. Kven som skal leie arbeidet, er enno ikkje kjent. Det nye prinsipprogrammet skal behandlast på landsmøtet. Partiet har landsmøte annakvart år, neste gong i 2023.

Sist KrF gjennomførte ein større ideologisk prosess, var i forkant av landsmøtet i 2013. Då handla det om å endre vedkjenningsparagrafen til partiet, slik at også ikkje-truande kunne få tillitsverv i partiet.

(©NPK)

KrF skal ha ein grundig prosess når arbeidet går i gang med å gå gjennom prinsipprogrammet, lovar partileiar Olaug Bollestad.
Foto: Terje Pedersen / NTB