Annonse

KrF-kamp mot å bli eit «bibelbelteparti»

Sentrale KrF-arar fryktar partiet skal ende opp som eit «bibelbelteparti», men partileiaren nektar å gi opp målet om at KrF skal vere eit landsdekkande parti.

Annonse

- Vi må ta innover oss alvoret. 4 prosent er ikkje ein stad å vere for eit parti som har mykje større ambisjonar. Det er farleg nær sperregrensa, sa KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad i talen sin til landsstyret i partiet fredag.

KrF gjorde det spesielt dårleg i mange raude område, der partiet frå før stod svakt.

- Uavhengig av blått og raudt, som du bruker som omgrep, har vi full moglegheit til å bygge eit landsdekkande parti, som blir endå meir slagkraftig i dei delane av landet der vi ikkje er så sterke i dag, seier Ropstad til NTB.

Eitt år etter KrFs retningsval mellom raud og blå side i norsk politikk vart kommunevalet den første testen på kor stor støtte partikursen har blant veljarane.

Fasiten viser at KrF gjekk tilbake, men ikkje berre i dei raude områda. Også på Sørlandet og Vestlandet gjorde partiet det dårleg.

Frykt mot 2021

Fylkesleiar Oluf Maurud i Innlandet peikar på at KrF gjekk tilbake frå 20 til 8 representantar i regionen. I heimkommunen hans Ringsaker har partiet vore representert sidan 1959, men no er det slutt. Han fryktar vegvalet kan vere forklaringa.

- Det eg har vore mest kritisk til med vegvalet, er at det blir slik at dei som er svake frå før, blir endå svakare, seier han til NTB.

- Mot 2021 er eg engsteleg for at det er mange som vil vegre seg for å stå på stand for å jobbe for ei regjering dei eigentleg ikkje ønsker. Det er eit problem.

I raude Trøndelag gjekk KrF frå tre til éin representant på fylkesnivå.

- Eg hadde håpt på eit betre resultat, erkjenner fylkesleiar Jon Normann Tviberg, som samtidig peikar på at partiet òg fall tilbake i blå område.

- Mista mykje kraft

Stortingsrepresentant Geir Jørgen Bekkevold, som stod på raud side, meiner partiet har ein stor jobb føre seg fram mot 2021.

- Med dette resultatet har vi mista mykje politisk kraft ute i organisasjonen i landet, seier han til NTB.

- I nokon delar av landet har vi vorte kraftig svekt. Det er ei kjensgjerning. Det kan vere andre ting enn vegvalet som har spelt inn, men vi kan ikkje sjå bort frå at det har hatt noko å seie, understrekar han.

Bekkevold ser samtidig ein sterk vilje i KrF til å «halde fram med å vere eit landsdekkande parti».

Svakast sidan 1937

Ropstads blå side vann fram i retningsvalet, men avklaringa gav ingen umiddelbar utteljing i valet i haust. Det vart det dårlegaste lokalvalet for partiet sidan 1937.

- Vi har nokon bratte oppoverbakkar føre oss. Vi kan berre klare det saman, som eit lag, seier Ropstad.

Valresultatet i år er òg dårlegare enn det Ropstads forgjengar Knut Arild Hareide oppnådde i 2017 med 4,2 prosent.

- Vi har dessverre gått tilbake ganske jamt over heile landet. Men det er stor forskjell på å gå frå fire til tre enn frå ein til null. Heldigvis er det ikkje så mange stader vi har gått frå ein til null, seier Ropstad.

Politikkutvikling

Ropstad vil no bruke ressursar på å finne gode personar og miljø fram mot 2021 og 2023, og han vil bruke «tid, krefter og pengar på å bygge organisasjon og parti».

- Vi må bli betre på politikkutvikling. Vi må både fronte den politikken vi har, få gjennomslag i plattforma omsett til politikk, men også utvikle endå betre politikk.

Han trekker fram fritidskort, barnetrygd, bistand og landbruk som saker som gjer at folk stemmer KrF.

(©NPK)

Kjell Ingolf Ropstad måtte tole ein solid nedtur i sitt første val som KrF-leiar. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix