Klargjør siden...

KrF meiner Statoil er for mektige

(NPK-NTB): KrF meiner Statoil har for mykje makt og ber både regjeringa og Konkurransetilsynet gripe inn mot den norske oljegiganten.

Allereie i samband med Statoil/Hydro-fusjonen i 2007 åtvara KrF og representanten deira i næringskomiteen på Stortinget, Line Henriette Hjemdal, mot konsekvensane av at Statoil ville bli ein for mektig aktør, skriv Dagens Næringsliv.

– Vi var merksame på og åtvara mot at Statoil ville få ei for dominerande rolle. Vi får no tilbakemeldingar frå leverandørindustrien på at dei opplever ein skvis frå Statoil. Inngåtte avtaler blir kravd reforhandla. Nye avtalar blir sette på vent, seier Hjemdal.

KrF har reist ein interpellasjon i Stortinget der dei krev at konkurransesituasjonen for norsk leverandørindustri og konsekvensane av Statoils sterke marknadsposisjon blir gjennomgått. Også Konkurransetilsynet er bedt om å granske situasjonen.

Hos Statoil seier informasjonsdirektør Bård Glad Pedersen at dei har forståing for at situasjonen kan opplevast som krevjande av aktørane i bransjen, men understrekar kor viktig det er å kutte kostnadar.

– For å skape grunnlag for aktivitet, verdiskaping og ringverknadar er det heilt nødvendig at vi lykkast med å ta ned kostnadsnivået og styrkje konkurransekrafta i industrien. Vi er sjølvsagt avhengige av konkurransedyktige vilkår frå våre leverandørar, men det aller viktigaste for å ta ned kostnadsnivået er samarbeidet med leverandørane for å finne dei beste og mest effektive løysingane for å gjere prosjekt realiserbare, seier Pedersen. (©NPK)

Annonse