Annonse

KrF og Sp fekk 42.000 underskrifter til støtte i kampen om bioteknologilova

KrF og Sp fekk måndag underskriftene frå ein kampanje mot endringane i bioteknologilova. – Vi har ikkje gitt opp håpet, seier KrFs Geir Jørgen Bekkevold.

– Det er heilt fantastisk å høyre at 42.000 menneske har skrive under på kampanjen. Denne saka har vist eit stort engasjement i folket. Eg er glad for å ha sett at mange har engasjert seg og at mange er samde med KrF om at dette er etisk vanskelege saker, seier KrFs helsepolitiske talsperson Geir Jørgen Bekkevold.

Klokka 18.30 måndag kveld fekk han underskriftene som organisasjonen Menneskeverd har samla inn mot endringane i bioteknologilova, som skal stemmast over i Stortinget tysdag.

Kjersti Toppe frå Senterpartiet, som også er mot endringane i lova, var òg til stades under overrekkinga.

Opposisjonspartia Ap, Frp og SV vil mellom anna tillate eggdonasjon, tillate assistert befruktning for einslege, og gjere tidleg ultralyd og blodprøven NIPT tilgjengeleg for alle. NIPT-testen gjer det mogleg å avlese moglege kromosomfeil som Downs syndrom tidleg i svangerskapet.

– KrF har kjempa denne kampen ganske åleine, berre med støtte frå Sp. Dette er ein kjempeviktig sak for oss. Det handlar om menneskeverd, og om vi skal ha eit samfunn som har plass til alle, heilt uavhengig av kor mange kromosom du har, seier Bekkevold.

NTB skreiv tidlegare måndag at det er svært jamt når det gjeld om forslaga til å liberalisere bioteknologilova vil få fleirtal eller ikkje, og at stemma til enkeltrepresentantar kan avgjere utfallet.

– Vi har ikkje gitt opp håpet om å vinne fram i morgon, og vi kjem aldri til å slutte å kjempe for menneskeverdet. Eg vil ha eit samfunn med plass til alle, seier Bekkevold.

(©NPK)

Geir Jørgen Bekkevold frå KrF og Kjersti Toppe frå Senterpartiet fekk måndag kveld overrekt 42.000 underskrifter frå Kristin Rudstaden frå organisasjonen Menneskeverd, som er samla inn mot endringar av bioteknologiloven. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Organisasjonen Menneskeverd har samla inn underskrifter i forbindelse med endringar av bioteknologiloven. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix