Annonse
Annonse
Annonse

KrF og Venstre legg fram nye budsjettkrav laurdag

(NPK-NTB): Både Venstre og Kristeleg Folkeparti er klare til å leggje fram dei spissa krava sine i budsjettforhandlingane laurdag.

Annonse

KrFs budsjettforhandlar Hans Olav Syversen seier signala frå det pågåande landsstyremøtet i Kristeleg Folkeparti blir ein viktig premissleverandør i forhandlingane med regjeringspartia og Venstre på Stortinget.

– Landsstyremøtet er ein viktig lyttepost for oss i våre prioriteringar. Etter møtet laurdag vil vi vere klare til å komme med ei spissa kravliste til regjeringa, seier Syversen til NTB.

Også Venstre vil komme med ei tilsvarande liste laurdag. Venstres forhandlar Terje Breivik seier partiet no jobbar med å kutte ned på lista med krav. Sakene som framleis vil stå høgast på lista er klimatiltak, tiltak for verdiskapning og kampen mot fattigdom, seier han.

Syversen seier å hindre bistandskutt er KrFs sak nummer éin inn i forhandlingane.

Det er venta at regjeringspartia vil komme med mottilbodet sitt i helga, slik at forhandlingane kan takast opp att søndag eller måndag. (©NPK)