KrF-seniorar støttar valet til Hareide

KrFs Seniorutval støttar vegvalet til partileiar Knut Arild Hareide om å søkja samarbeid med Arbeidarpartiet og Senterpartiet.

- Vi føreset at vegvalet er strategisk og at målet er gjennomslag for politikken til KrF, ikkje noko endring av ideologi eller verdisyn, seier leiar for seniorutvalet Kristian Helland til NTB.

Den tidlegare Bergensordføraren møter Hareide og nestleiar Kjell Ingolf Ropstad på medlemsmøte i Bergen måndag kveld.

- Eg vil ta ordet og streka under at det ikkje ligg noko blankofullmakt i støtta vår. Først må det startast samtalar, og så må ei avgjerd forankrast i landsstyret vårt. Det gjeld uansett utfall av vegvalet på det ekstraordinære landsmøtet 2. november, seier Helland.

Fellesskapsløysingar

Seniorutvalet held fast på at KrF utfordrar blokkdelinga i norsk politikk.

- Vi i seniorutvalet er klassiske, tradisjonelle KrF-arar. I spørsmålet om vegval har vi teke utgangspunkt i fellesskapsløysingar. Vi meiner at grunnleggjande tenester som eldreomsorg og helsetenester ikkje eignar seg for anbod og konkurranseutsetjing, som vi ser at den noverande regjeringa ivrar for, seier Helland.

Vippeposisjon

Ein av dei fem i styret til seniorutvalet er negative til å søkja samarbeid med Ap og Sp, men vedkommande hadde forfall til møtet der fråsegna blei vedteken.

Sjølv karakteriserer Helland seg som forsiktig og varsam.

- Eg har aldri ivra for at vi må forlata den noverande vippeposisjonen. Men om eit fleirtal i partiet meiner vi må velja, må vi prøva ut samtalar med Ap. Eit spørsmål er kva rolle SV vil få i dette biletet. Der ligg det ei uvisse, meiner han.

Krevjande landskap

I motsett ende av den politiske skalaen er han heilt einig med partileiaren om at det er umogleg å sitja i regjering med Framstegspartiet.

- Landskapet er ikkje heilt enkelt for det vesle partiet vårt, slår leiaren av seniorutvalet til KrF fast.

Rådgjevande

Seniorutvalet er eit rådgjevande organ som kjem med utsegner og fremjar synspunkt til sentralstyret og stortingsgruppa.

Utvalet har ingen eigne delegatar med stemmerett til det ekstraordinære landsmøtet som skal avgjera vegvalet til KrF, men Helland er invitert med talerett i kraft av å vera leiar av utvalet.

(©NPK)

KrF-leiar Knut Arild Hareide får støtte frå seniorutvalet til partiet som meiner at partiet må søkja samarbeid med Ap og Sp. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix