Kripos fann samsvar mellom trusselbrev og brevpapir funne hos Bertheussen

Påtalemakta la fram nitide tekniske undersøkingar av brevpapir og ein skrivar dei meiner knyter Laila Anita Bertheussen til trusselbreva som vart sende.

Same type skrivarpapir vart brukt til trusselbreva som vart sende til para Tybring-Gjedde og Tor Mikkel Wara/Laila Anita Bertheussen. Tilsvarande papir vart funne heime hos Wara og Bertheussen på Røa.

Seniorrådgivar Håkon Schjønsby hos Kripos er ekspert på papir, trykk og dokument. Under rettssaka mot Laila Anita Bertheussen torsdag gjorde greie for fleire funn frå dei tekniske undersøkingane av både brev, skrivar, frimerke og konvoluttar. Fleire likskapar mellom funn og beslag vart kommentert.

Same type printar

Breva vart etter alt å dømme skrivne ut på ein skrivar lik den PST meiner å ha bevist at Laila Anita Bertheussen kjøpte 24. januar 2019 og kasta etter berre to timars bruk 29. januar, slår Schjønsbys tekniske undersøkingar vidare fast.

– Vurderingane våre er at trykk på brev til Bertheussen har avsetningar med same storleik, form og særpreg som avsetningar på ei prøveutskrift frå ein HP Envy 5020 som Kripos kjøpte inn, sa seniorrådgivaren og la til at det same gjaldt for brevet til Tybring-Gjedde.

Feil på frimerke

Den same grundige undersøkinga er gjort av frimerka som vart brukte på dei to konvoluttane med trusselbrev opp mot funn av eit hefte med seks attverande frimerke heime hos Bertheussen. Der slår dei tekniske etterforskarane fast at det er same feil i trykket på frimerka, og at kuttingen i kanten samsvarer. Dette er ein kombinasjon som ikkje har vorte avdekt i nokon av dei 275 hefta med frimerke som Kripos har undersøkt.

Bertheussens forsvarar, advokat Bernt Heiberg, pressa etterforskaren på kor mange slike frimerke med norske fyrtårn som var selde i Noreg. Schjønsby oppgav at det av eit opplag på 1,4 millionar hefte à ti frimerke var selde 533.000. Av desse igjen hadde produsenten anslått at det var mellom 5 og 10 prosent som kunne ha det same avviket i fargetrykket.

– Då blir det altså 5,3 millionar frimerke som er selde. Då blir 5–10 prosent av det 533.000 frimerke som kan ha dette avviket, sa Heiberg.

(©NPK)

PST meiner frimerke brukte på trusselbrev Laila Anita Bertheussen er tiltalt for å ha sendt, stammar frå same hefte med merke som er beslaglagt i huset hennar. I bustaden til Bertheussen og sambuar Tor Mikkel Wara fann politiet eit frimerkehefte med merke med motiv av Sandvigodden fyr og Sklinna fyr. Foto: PST / NTB