Annonse

Krisepakke til Holmenkollen Skifestival gjer mogleg billettrefusjon

Holmenkollen Skifestival gjekk glipp av store inntekter frå arrangementa sine i vinter. No har dei fått 14,7 millionar kroner i kompensasjon.

Annonse

Holmenkollen Skifestival søkte i april om Kulturdepartementets krisepakke om kompensasjon for tapte inntekter og meirutgifter etter at koronaviruset sette ein stoppar for fullverdige konkurransar i mars.

Dei fekk arrangert langrenn, hopp og kombinert, men utan publikum. Verdscuprenna i skiskyting som skulle vore arrangert 20.–22. mars, vart avlyst heilt.

Det resulterte i ein svært krevjande økonomisk situasjon for arrangørselskapet. Takka vere eit intensivt dugnadsarbeid og god støtte og garantiar frå samarbeidspartnarar, har selskapet vore i stand til å overleve.

Fredag kom gladmeldinga om at dei har fått 14,7 millionar kroner av søknadssummen på 18,3 millionar kroner. Pengane skal i hovudsak gå til å tilby billettkjøparane kompensasjon.

– Vi er veldig fornøgde og glade for at vi har fått tilsegn på søknaden vår til Kulturdepartementet. Vi har heile tida hatt eit ønske, og jobba hardt for å kome i møte billettkjøparane våre med ei god løysing. Det vil vi ha moglegheit til no. Meir informasjon og e-post til alle billettkjøparar kjem i løpet av neste veke, seier Birger Magnus, styreleiar i arrangørselskapet, i ei pressemelding.

(©NPK)

Det var tomme tribunar og tåke under 5-mila i Kollen i mars. Foto: Annika Byrde / NTB scanpix

Det var folketomt då hopparane hoppa i Holmenkollen i mars. Foto: Annika Byrde / NTB scanpix