Annonse

Krisepakken til idrett og frivillige: 100 mill. mindre frå Lotteritilsynet enn det vart søkt om

Lotteritilsynet har utbetalt 272 millionar kroner frå krisepakken til det frivillige under koronakrisa. Det er 100 millionar kroner mindre enn det vart søkt om.

Det vart søkt om 372 millionar kroner, og no har Lotteri- og stiftelsestilsynet behandla ferdig alle søknadene frå arrangørar i det frivillige som anten har avlyst, stengt eller utsett arrangementa sine mellom 5. mars og 30. april.

Så langt har det vorte utbetalt 195 millionar kroner i to omgangar. Utbetalingane på 77 millionar kroner til den siste puljen starta fredag.

Ramma på ordninga var sett til 700 millionar kroner. 2254 ulike lag og organisasjonar søkte om 372 millionar kroner. Det er utbetalt til saman nærare 272 millionar kroner til 1787 søkjarar.

Totalt 449 søkjarar fekk avslag, og 208 fekk justert søknadsbeløpet sitt. Dette utgjorde totalt 100 millionar kroner som ikkje vart innvilga, heiter det på nettsida til Lotteritilsynet.

Regjeringa foreslår å forlengje kompensasjonsordninga til 31. august, og dessutan å utvide henne med 850 millionar kroner. Innretninga blir endra, der mellom anna andre inntektskomponentar blir tekne med.

(©NPK)

Kulturminister Abid Rajas (V) krisepakke har så langt gitt utbetaling av 272 millionar kroner til idrett og det frivillige.
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix / NPK