Annonse

Kristiansand vurderer å droppe lokale restriksjonar

Det har vore låge smittetal i Kristiansand dei siste dagane. Ordføraren seier at kommunen vurderer å droppe lokale restriksjonar heilt.

– Ting ser veldig lovande ut no, seier ordførar Jan Oddvar Skisland (Ap) i Kristiansand kommune til Fædrelandsvennen.

Måndag ettermiddag opplyste Kristiansand kommune om tre nye koronasmitta det siste døgnet. Dei siste dagane har tala vore mellom tre og ni nye smitta.

Skiland seier at politikarane no vurderer å droppe dei lokale restriksjonane heilt, og gå tilbake til at dei nasjonale tiltaka skal vere rådande. Formannskapen skal ta stilling til dette onsdag.

– Eg har stor tru på at vi kan sleppe opp endå meir på tiltaka etter møtet onsdag. Tysdag skal vi ha eit møte med Folkehelseinstituttet om dette, seier Skisland til avisa.

(©NPK)

Ordfører Jan Oddvar Skisland i Kristiansand håpar kommunen snart kan droppe dei lokale koronarestriksjonane.
Foto: Tor Erik Schrøder / NTB