Kristoff slått i spurten av tidlegare lagkamerat: – Unner han det

Alexander Kristoff låg godt an i avslutninga av den fjerde etappen i Tour of Norway, men måtte sjå seg slått av den tidlegare opptrekkjaren sin Marco Haller.

Hallar var Kristoffs hjelpar under tida i Katjusja for ein del år sidan, men fredag var det austerrikaren som var best i avslutninga. Kristoff vart nummer tre, medan britiske Ethan Vernon tok andreplassen.

Hallar syklar for tida for Bora, medan Kristoff har hatt ei god sesonginnleiing for Intermarché Wanty-Gobert. Fredag gjekk det akkurat ikkje for nordmannen.

Med 15 kilometer igjen var feltet samla, og fleire nordmenn var godt plasserte kampen om topplasseringane. Med seks kilometer igjen køyrde det norske profflaget Uno-X opp samanlagtkandidaten sin Tobias Halland Johannessen, og dei samarbeidde godt opp den siste stigninga opp Gimlekollen i Kristiansand.

– Eg er veldig stolt av laget. Vi viser at vi skal vere med i morgon òg, sa Johannessen.

– Unner han det

Han greidde likevel ikkje å skaffe seg luke i jakta på siger, og til slutt måtte det heile blir avgjord i eit spurtoppgjer der Haller var best.

Kristoff var med, men var ikkje nære nok til å true Haller på oppløpet.

– Eg er skuffa. Han er ein fin fyr så eg unner han det, men eg skulle gjerne teke det sjølv. Eg mangla opptrekk, sa Kristoff til TV 2.

Brotforsøk

Ei utbrytargruppe gjekk tidleg på etappen og heldt lenge avstand ned til hovudfeltet, men då det byrja å dra seg til på den elles kontrollerte etappen var dei sjanselause på å halde heilt inn.

Laurdag skal ryttarane sykle ein 182 kilometer lang etappe frå Flekkefjord til Sandnes. Rittet blir avslutta i Kristoffs fødeby Stavanger søndag.

(©NPK)

Alexander Kristoff vart nummer tre på den fjerde etappen av Tour of Norway fredag. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

Marco Haller (t.v.) vann den fjerde etappen av Tour of Norway fredag. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB