Annonse

Sjåfør omkom i frontkollisjon på Sunnmøre

Ein sjåfør mista tysdag morgon livet i ein frontkollisjon mellom to personbilar på fylkesveg 61 ved Mauseidvåg på Sunnmøre.

Politiet fekk melding om ulykka i Sula kommune klokka 6.48 tysdag morgon. Ulykka skjedde like etter Furnestunnelen og det var ein person i kvar bil.

- Sjåføren i ein av bilane kom seg ut, den andre sat fastklemt og vart stadfesta død på staden, seier operasjonsleiar Arild Reite i Møre og Romsdal politidistrikt til NTB.

Fylkesveg 61 blir stengd ei god stund som følgje av ulykka. Både krimteknikarar frå politiet og ulykkesgruppa til Vegvesenet er på staden for å finne ut kva som skjedde før dødsulykka.

(©NPK)