Kroatia og Spania til semifinale i handball-EM

Både Kroatia og Spania er vidare i handball-EM. Onsdag møtest laga til ein rein gruppefinale, der vinnaren får møte toaren i Noregs pulje i semifinalen.

Mot tabelljumboen Tsjekkia spelte Kroatia stort sett med B-oppstillinga si, men vann likevel 22–21 i Wien måndag. Kroatane sløste ikkje med overskotet før gruppefinalen mot Spania, og vinnarmålet kom to sekund før slutt.

Kroatia heldt mellom anna forsvarsstjerna Domagoj Duvnjak, den viktige Zeljko Musa, klasse-playmakeren Lukte Cindric og storskyttaren Igor Karacic på benken så godt som heile kampen. Den viktige kantspelaren Zlatko Horvat fekk berre nokre få minutt på banen.

Større sigersmargin vart det då Spania møtte Kviterussland. Spanjolane gav seg ikkje før det stod 37–28 på resultattavla.

Resultata gjer at begge laga er vidare før den siste kampen i mellomrunden. Både dei spanske tittelforsvararane og Kroatia ser ut til å basere matchinga si på at Noreg vinn sin pulje. Det norske laget synest å vere motstandaren dei andre semi-laga ønsker å unngå.

Skulle det bli norsk førsteplass, møter taparen av oppgjeret mellom Kroatia og Spania Noreg i semifinale fredag. Endar det uavgjort, møter Christian Berges menn kroatane.

Vinnaren av oppgjeret mellom Spania og Kroatia vinn garantert gruppa og får spele semifinale mot toaren i Noregs pulje. Kampen går like før den siste kampen til det norske laget i hovudrunden onsdag.

(©NPK)

Kroatia sparte Zeljko Musa (venstre) og Domagoj Duvnjak i EM-kampen mot Tsjekkia. Foto: Ronald Zak / AP / NTB scanpix