Kronprins-ekspedisjon har fått vind i segla igjen

Etter å ha vore stranda i bortimot to dagar, er det no full fres framover for kronprins Haakon og dei andre deltakarane på ein ekspedisjon over Grønland.

Onsdag denne veka kunne ekspedisjonsleiar Harald Dag Jølle melde i ekspedisjonsdagboka si at dei var vêrfast. Ekspedisjonen seglar med vinden for å komme seg over isen ved bruk av kite og ski, men plutseleg hadde det vorte vindstille.

– Nokre dagar med vindstille vêr og lite framdrift har naturleg nok skapt litt uro. Skulle vi likevel ikkje klare å krysse Grønland innanfor den tidsramma vi har planlagt?, skriv Jølle i si siste oppdatering.

30 kilometer i timen

Men så fortel han at dei torsdag kunne trekkje eit letta sukk.

– Godt skiføre, stabil vind – og stort pågangsmot. 253 kilometer på godt og vel åtte timars segling. Det gir, ifølgje GPS-målinga til kronprinsen, ein gjennomsnittsfart på 30,5 kilometer i timen. Og vêrmeldinga verkar som ho er på laget vårt dei neste dagane, skriv han.

Han påpeikar kor effektivt det er å bruke kite.

– Ingen skiløpar eller hundekøyrar har sjølvsagd moglegheit til å leggje bak seg ein slik dagsetappe. Vi treng heller ikkje å frakte med oss drivstoff, som ein snøskuter eller ei beltevogn må. Vinden kjem med ny kraft. Nesten alltid.

Skal krysse grønlandsisen

Med på ekspedisjonen er mellom anna skilegende Vegard Ulvang og kronprins Haakon.

Ekspedisjonen drog ut frå Ilulissat vest på Grønland 20. mai. Dei nærmar seg no forskingsstasjonen Eastgrip midt på Grønland, der dei skal levere frå seg snøprøver dei har teke på vegen.

Dei har totalt berekna tre veker på å krysse grønlandsisen over til Daneborg. Deretter held ferda fram med kajakk nedover austkysten, men denne delen skal kronprinsen ikkje vere med på.

Det er UiT – Noregs arktiske universitet som arrangerer ekspedisjonen.

(©NPK)

Ekspedisjonen bruker kitar for å komme seg framover. Foto: Harald Dag Jølle / Handout Uit.no /NTB

Her er siste fotooppdatering frå gjengen som er på ekspedisjon. Foto: Harald Dag Jølle / Handout Uit.no / NTB

I nesten to dagar var ekspedisjonen vêrfast – paradoksalt nok fordi det var finvêr og vindstille. Dei nytta mellom anna høvet til å slappe av i solsteiken. Foto: Harald Dag Jølle / Handout Uit.no /NTB

Kronprins Haakon ved framkomst Ilulissat på Grønland i forkant av ekspedisjonen. Foto: Ane Mette Sandgreen, UiT / NTB