Klargjør siden...
Annonse

Kronprinsparet leidde gruppearbeid på skule i Telemark

(NPK-NTB): Kronprinsparet besøkte onsdag Nome vidaregåande skule i Telemark i samband med UngInvest AIB.

Skulebesøket var i regi av UngInvest AIB, som er eit opplæringstilbod i regi av Buskerud fylkeskommune til elevar som har falle ut av vanleg vidaregåande opplæring.

UngInvest AIB er ein av samarbeidspartnarane til Kronprinsparets Fond. Målet med besøket på skulen i Telemark var å utveksle erfaringar og lære av kvarandre saman med elevar, lærarar, leiing og politikarar. Det var kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit som leidde gruppearbeidet for 150 elevar og 30 lærarar.

I dag er det ein av tre elevar som ikkje gjennomfører vidaregåande opplæring, og stadig fleire ungdommar går rett inn i Nav-kø, skriv Kronprinsparets Fond – som har som mål å bidra til å fange opp unge menneske som risikerer å falle utanfor. (©NPK)