Den prisbelønna forfattaren Brynjulf Jung Tjønn er adoptert frå Sør-Korea:
Ville helst sjå ut som ein kvit norsk person
Publisert: 18.04.2024 kl 11:00
Den kritikerroste forfattaren Brynjulf Jung Tjønn er adoptert frå Sør-Korea. Som barn ville han helst sjå ut som alle andre. Som vaksen har han vorte såra av måten folk med asiatisk utsjånad blir møtt i Noreg.
Publisert: 15.04.2024 kl 20:00
Laurdag var det vårbasar på Uppheim. Folk i alle aldrar var i aksjon for å samle inn pengar til drifta og hyggje seg saman.
Publisert: 15.04.2024 kl 18:00
I april besøkte «Sinnamekkeren», alias Ståle Eskeland, Ørsta kulturhus. Det var Litteraturhuset i Møre og Romsdal som sto som arrangør. Bibliotekarsjef Hanne Steinsvik ved Ørsta folkebibliotek hadde fått forfattaren til Ørsta.
Publisert: 15.04.2024 kl 16:00
Folkestad kulturforum hadde invitert Line Dybedal til bygda. Fredag kveld heldt ho konsert saman med gitarist Mathias Marstrand. Den var både fengjande og gav rom for refleksjon.
Publisert: 15.04.2024 kl 13:00
Inntektene av vårens moteframsyning i regi av Volda Inner Wheel klubb går til Volda bygdetun sitt arbeid. Klubben støttar også mykje sosialt arbeid lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Det å setje fokus på det lokale næringslivet er også viktig for organisasjonen.
Publisert: 14.04.2024 kl 14:25 - Oppdatert: 14.04.2024 kl 14:28
Storbandet Mixmasters er inne i sitt 41 år. Laurdag slo dei på stortromma med ein fyldig og flott jubileumskonsert i Ørsta kulturhus.
Publisert: 13.04.2024 kl 20:00
Styret i Sætre Bedehus på Lauvstad, inviterte nyleg Kjetil Sætre til å vise lysbilde, der det var foto i hovudsak frå onkelen hans; Jon Sætre (1899-1993). Dette var noko som fall i smak hjå bygdefolket og tilreisande.
Publisert: 10.04.2024 kl 20:00
Mixmasters er no i siste innspurten med øving og planlegging til sin 40-års konsert på Ørsta Kulturhus.
Publisert: 09.04.2024 kl 16:00
Med Odd Kåre Fløtre på scenen, vart søndagens Tomasmesse i Volda kyrkje til ein kveld fylt med song, samtale og refleksjon om tru og tvil.
Publisert: 09.04.2024 kl 13:00
Mange tok turen til Folkestad for å høyre dei 50 musikantane frå Folkestad Tonika Musikkorps og Vartdalsstranda Generasjonskorps.
Publisert: 09.04.2024 kl 11:00
I helga vart Volda Rideklubb fylt med spente ryttarar og hestar frå heile regionen. Dressurstemnet vart ein suksess, med sterkt oppmøte og gode prestasjonar frå lokale ryttarar.
Publisert: 05.04.2024 kl 20:00
Milla Ceron er ein 20 år gammal Erasmus-utvekslingsstudent frå aust i Frankrike, Lyon. Ho kom til Volda i august 2023 og det er hennar andre semester på Høgskulen i Volda, der ho studerer engelsk. Å flytte frå ein stor by som Lyon i Frankrike til Volda i Noreg har vore ein stor endring for ...
Publisert: 31.03.2024 kl 22:45 - Oppdatert: 31.03.2024 kl 22:56
Rundt småbord sat publikum og kosa seg då Egil Olsen heldt på konsert på TIK Langfredag. Fremst sat dei mest ivrige tilhengarane.
Publisert: 30.03.2024 kl 09:50 - Oppdatert: 30.03.2024 kl 09:51
Våren er tid for nytt liv. På mange gardar i Bondalen i Ørsta har dei høner. Difor er det også mange som har kyllingar no i påska. To av desse bur på Holen.
Publisert: 30.03.2024 kl 07:00
På ettermiddagen tysdag 19. mars gjekk den årvisse påskekafeen til elevane ved Ulvestad Barneskule av stabelen.
Publisert: 29.03.2024 kl 21:10 - Oppdatert: 29.03.2024 kl 21:11
Arne Ole Vartdal og Sonja Merete Solheim har campingvogn med ei lita hytte og hage i «Honndalen Hage Camp». Hit dreg dei for å kople av i helgane heile året, også i påska.
Publisert: 27.03.2024 kl 16:35 - Oppdatert: 27.03.2024 kl 16:38
Sist torsdag arrangerte Volda ungdomsskule Grand Prix for 23. gong. Nok ein gong fekk eit publikum på nesten 2000 i Volda campus Sparebank 1 arena, sjå prestasjonar på høgt nivå frå elevane ved skulen.
Publisert: 24.03.2024 kl 07:00
Eit sikkert vårteikn er at Ørstakoret har moteframsyning på Ørsta kulturhus. Onsdag var det tid for denne trivelege tilstellinga igjen.
Publisert: 23.03.2024 kl 20:00
I år kan du møte kjende namn som Knut Ødegård, Runar Gudnason, Monika Goksøyr, Jørgen Nordeng og Maria Parr. Opplev konsertar i uteamfiet i Aasentunet med Kari Bremnes, Odin og Gabriel Fliflet.
Publisert: 22.03.2024 kl 16:00
Hjørundfjord kyrkje var nær fullsett då SiSi & The Bywaymen spelte konsert søndag 17. mars. Det kom folk frå heile Sunnmøre til Sæbø denne kvelden.
Publisert: 20.03.2024 kl 13:00
– I eit krevjande år for dei tilsette i Nynorsk kultursentrum er det fantastisk å sjå korleis arbeidet vårt når gjester, brukarar og samarbeidspartnarar i heile Noreg, seier direktør Olav Øyehaug Opsvik.
Publisert: 20.03.2024 kl 11:00
– Det er aldri kjedeleg når husflidsfolk møtest. Det er mykje inspirasjon å hente, og mange idear å dele, seier Anne Velle Rishaug som fungerte som Ørsta Husflidslag sin leiar då det vart arrangert Fylkesårsmøte i Møre og Romsdal Husflidslag i Ørsta i helga.
Publisert: 18.03.2024 kl 20:00
Hornindal musikkorps med drill og musikantar kom vandrande inn i Honndalshallen søndag ettermiddag. Dette gjorde dei til fengjande sambarytmar. Det var tid for basar og konsert.
Publisert: 18.03.2024 kl 16:00
Fire gonger i året arrangerer Hornindal Frivilligsentral, bygdekvinnelaget og sanitetslaget i bygda aktivitetsdag for flyktningar og fleirkulturelle familiar. Laurdag var det påskeverkstad. 35 personar deltok.
Publisert: 17.03.2024 kl 11:00
Sæbø DS Dampskipsekspedisjon vart nyleg tildelt Godt vern-prisen under årsmøtet for Fortidsminneforeininga, Sunnmøre lokallag, i Ålesund.