Klargjør siden...
Annonse

Kulturministeren hardt ut mot idrettspresidenten

(NPK-NTB): Kulturminister Linda Hofstad Helleland (H) meiner Norges idrettsforbund har kuppa dopingoppropet til departementet.

Etter eit møte mellom departementet, NIF og Antidoping Norge tidleg i september, tok Helleland initiativet til eit felles opprop. Målet var å styrke Verdens Antidopingbyrå (WADA), skriv VG.

No reagerer ho sterkt på at Idrettsforbundet, som fekk tilsendt utkastet frå departementet for gjennomlesing, har gjort endringar og deretter, ifølgje Helleland, lagt det fram som sitt eige initiativ, viser notat som VG har fått tilgang til.

– Vi inviterte NIF til samarbeidet. Dei sa «nei» – og så går dei ut med dette sjølv. Vi har aldri opplevd maken, seier Helleland til VG.

– Eg er veldig forundra. Eg forstår ikkje kva som har skjedd. Dette var Kulturdepartementets initiativ, som vi støtta, seier styreleiar Valgerd Svarstad Haugland i Antidoping Norge til avisa.

Idrettspresident Tom Tvedt er på si side heilt klar på at NIF aldri har sagt nei til eit samarbeid i kjølvatnet av møtet i starten av september.

– Dette er alvorleg. Statsråden veit naturlegvis at NIF aldri har sagt nei til eit samarbeid om dette. Om det var tilfelle, ville ikkje departementet ha sendt oss eit utkast til samarbeidserklæring – som vi svarte på seriøst og grundig på kort tid, skriv Tvedt i ein e-post til VG.

Departementet hadde ifølgje Helleland kome fram til totalt åtte konkrete punkt i oppropet. Desse blei sendt til NIF 16. september. Fem dagar seinare kom svaret med fleire endringar. (©NPK)