Kulturministeren ut mot IOC: – Uakseptabelt å opne for russisk deltaking no

Norsk idrett får full støtte frå kulturminister Anette Trettebergstuen (Ap) i kritikken av at IOC opnar for å la utøvarar frå Russland delta i neste års OL.

Den internasjonale olympiske komiteen (IOC) la onsdag ut ei forklaring der det stod at ein jobbar for å la russiske og belarusiske utøvarar få konkurrere igjen. I så fall vil det skje under nøytralt flagg.

Beskjeden kom same veke som det var eitt år sidan Russland invaderte Ukraina. Trettebergstuen meiner tida ikkje er inne for å lempe på sanksjonane.

– Russland held fram angrepskrigen sin i Ukraina. Det er derfor ingenting i situasjonen som tilseier at IOC eller særidrettane skal opne meir opp for deltaking no. Her er eg samd i det tydelege standpunktet som norsk idrett kom med i går (onsdag), det er uakseptabelt å opne opp for russisk idrettsdeltaking internasjonalt no, seier ho i ein kommentar til NTB.

Langt unna røyndommen

Trettebergstuen er på same linje som kollegaen sin i Storbritannia. Den britiske kulturministeren Michelle Donelan har omtalt IOC-planane som «ei heil verd unna krigens verkelegheit som det ukrainske folket kjenner på».

Noregs idrettspresident Berit Kjøll seier til NTB at det norske standpunktet er uendra, sjølv om IOC no er på veg bort frå ei kollektiv utestenging.

– I dagens situasjon er det uakseptabelt å opne opp for russisk og belarusisk idrettsdeltaking internasjonalt.

Strenge vilkår

IOC grunngir det nye standpunktet sitt med at «ingen idrettsutøvarar skal hindrast frå å konkurrere på grunn av passet sitt». Det blir også vist til at eit klart fleirtal blant utøvarrepresentantane støttar ei oppmjuking på strenge vilkår.

Blant krava er at utøvarar ikkje har vist støtte til krigen i Ukraina. Kjøll meiner debatten viser at saka er «svært krevjande og samansett».

– Gitt at det blir opna opp for deltaking av russiske og belarusiske utøvarar, må dette skje på strenge nøytralitetsvilkår, seier ho.

(©NPK)

Kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen reagerer på at IOC opnar opp for å ta russiske og belarusiske utøvarar inn i varmen igjen. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK