Ledig stilling publisert: 22.11.2022 kl 12:55

Arbeidsstad:

Kontaktperson:

Andre Skotheim
Tlf: 48017909
Tittel: Banksjef personmarknad

Om stillinga
Heltid
Privat sektor

Søknadsfrist

05.12.22

Søknadsskjema

Gå til skjema »

Kunderådgjevarar personmarknad i Volda og Ørsta

Vi styrker oss for vidare vekst!

Vi har stor vekst og søkjer no etter fleire dyktige rådgjevarar for å auke kapasiteten lokalt.

Vi søkjer etter aktive og entusiastiske medarbeidarar ved avdelingane våre i

•Volda
•Ørsta

Du kjem til eit team med dyktige kollegaer som er opptatt av trivsel, samhandling og utvikling. Vi ser etter lokal kompetanse og medarbeidarar som kjenner sitt nærområde og skal bygge og utvikle relasjonar til nye og eksisterande kundar.

Kva ser vi etter?

•Du har relevant erfaring og/eller utdanning på bachelornivå
•Du har stor interesse for privatøkonomi og kunderetta arbeid
•Du er initiativrik og proaktiv med høgt kundefokus
•Du har evne til å skape gode kundeopplevingar via relevante kanalar
•Du har smittande entusiasme og er ein god støttespelar med gode samarbeidseigenskapar

Lønn etter avtale. Gode pensjons-, forsikrings- og andre tilsettevilkår.

Sparebank1 Søre Sunnmøre

Gymnasvegen 2
6102 Volda

Hjemmeside

Sparebank 1 Søre Sunnmøre er ein solid og sjølvstendig bank med lokal forankring. Banken har hovudkontor i Volda, og avdelingskontor i Ørsta, Ulsteinvik og Fosnavåg.

Arbeidsområder:

Arbeidsoppgåvene dine vil vere rådgiving innan banktenester som kreditt, sparing, forsikring. Du må ha gode sals- og kommunikasjonsevner og er like trygg i telefonmøte og videomøter som i fysiske møter i banken. I banken er vi med på å realisere draumar, vi rettleier og har stor innverknad på kunden sine økonomiske val gjennom heile livet.

Vis flere ledige stillinger fra samme utlyser

Vis alle ledige stillinger

Hvis du ønsker å gjøre endringer på en stillingsannonse du har meldt inn må du kontakte oss.

Annonse