Annonse

Ledig stilling publisert: 06.02.2024 kl 13:02

Arbeidsstad:

Kontaktperson:

Bodil Brautaset
Tlf: 91194598
E-post: Send e-post
Tittel: Avdelingsleiar barnehage

Om stillinga

Heltid
Offentlig sektor

Søknadsfrist

25.02.24

Søknadsskjema

Gå til skjema »

Spesialpedagog i barnehage

Volda kommune har frå barnehageåret 2024/2025 ledige stillingar i barnehagane som spesialpedagog. Det kan verte ledig både faste- og vikarstillingar.

Arbeidsoppgåvene vil vere direkte i arbeid med barn i kommunale- og private barnehagar eller i heimen, samt rettleiing av foreldre og personalet i barnehagane. Spesialpedagog må rekne med å samarbeide med ein eller fleire barnehagar i kommunen. Spesialpedagogane har nettverksamling kvar 4 veke.

Volda kommune har høge ambisjonar for Voldabarnehagen. Gjennom systematisk arbeid bidreg vi til at barna i Volda får ein trygg og god start på sitt utdanningsløp. Barnehagane våre skal støtte barn si lærelyst og bidra til eit godt grunnlag for livslang læring i nært samarbeid med føresette. Det vert arbeidd med å ta i vare og vidareutvikle gode utviklings- og læringsmiljø, som sikrar barna ei god psykisk og fysisk helse, og i botn for dette arbeidet ligg ei forventning om god relasjonskompetanse hos våre tilsette.

Barnehagane i Volda er ein viktig del av laget rundt barnet. Saman med barnevern, helsestasjon, skule, kulturskule og vaksenopplæring er barnehagedrifta ein del av Sektor Oppvekst. Saman arbeidar vi målretta for å oppfylle sektoren sin visjon: Volda kommune har trygge barn, unge og vaksne som deltek, meistrar og lærer.

Dersom du krev stillinga etter arbeidsmiljølova § 14-3, utviding av stilling for deltidstilsett, må du opplyse om dette i søknaden.

Dersom du krev stillinga etter arbeidsmiljølova § 14-2, fortrinnsrett ved tilsetjing, må du opplyse om dette i søknaden.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for å følge opp, gjennomføre, organisere innhald og omfang av enkeltvedtak til det beste for barnet og i tråd med gjeldande regleverk
  • Å implementere tiltak gjennom heilskapleg pedagogisk tilrettelegging, og sjå samanheng mellom spesialpedagogiske og allmennpedagogiske tiltak
  • Bistå med kompetanse innan det spesialpedagogiske feltet (spesialpedagog)
  • Å delta i aktuelle møter og planarbeid i barnehagen
  • Rettleie personalet og foreldre og sikre eit godt foreldresamarbeid knytt til den spesialpedagogiske hjelpa

Kvalifikasjonar

  • Spesialpedagog med barnehagelærar som grunnutdanning.
  • Anna relevant høgskuleutdanning med vidareutdanning i spesialpedagogikk kan bli vurdert
  • Barnehagelærar med erfaring i spesialpedagogisk arbeid i barnehagen kan bli vurdert
  • Ønske om relevant erfaring i spesialpedagogisk arbeid i barnehage
  • Ønske om kompetanse og erfaring med alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK)
  • Rettleiarkompetanse er ein fordel
  • God framstillingsevne på norsk, både munnleg og skriftleg (nynorsk)
  • Gode digitale ferdigheiter
  • Bestått norskprøve i tråd med føringar i barnehagelova § 27, UDIR § A2-B1

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som:

  • kan sjå heilskap og samanheng i det pedagogiske arbeidet
  • er sjølvstendig og strukturert med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • er ein leikande vaksen
  • kan støtte og rettleie foreldre/føresette, tilsette og avdelingar/team i deira arbeid
  • er i stand til å endre eigen praksis basert på kunnskap/forsking og refleksjon
  • ser verdien av medverknad, relasjonsbygging, kulturbygging og samhandling
  • har evne til å bygge gode relasjonar og bidra til eit positivt arbeidsmiljø
  • har forståing for og handle ut i frå systemretta- og inkluderande arbeidet

Saman med kvalifikasjonar vil personlege eigenskapar verte vektlagt. Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju.Det kan verte aktuelt med intervju, både gruppe- og individuelle intervju. Det er avsett tid til intervju 12. mars. Referansar blir kontakta etter intervju.

Vi tilbyr

  • Gode moglegheiter for å utvikle seg i eit fagmiljø som legg vekt på kvalitet
  • Fagleg kompetanseutvikling bla, i form av fagdagar med pedagogisk utviklingsarbeid for alle tilsette
  • Kurs og fagleg utvikling gjennom Volda kommune
  • Barnehagar med fokus på gode og utviklande leikemiljø for barn
  • Barnehagar som er oppteken av å gje medarbeidarane ansvar, tillit og høve til å påverke kvardagen sin i samarbeid med avdelinga/basen
  • Lønn etter kommunens lønns- og stillingsregulativ
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Stillinga er plassert i kap. 4, lønsplassering og stillingskode vert fastsett ved tilsetjing.

Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Utanlandske borgarar må legge fram dokumentasjon på lovleg opphald og arbeidsløyve i Noreg. Den som vert tilsett må legge fram gyldig politiattest, jfr barnehagelova § 30.

Prøvetida er 6 mnd.

Om offentlege søkjarliste: I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjar bli unnateke i offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv bed om det. Søkjarar som ønskjer at namn skal vere unnateke offentleg søkjarliste, skal grunngje dette. Kommunen er pliktig til å vurdere meiroffentlegheit og gjere ei konkret vurdering av søkjar sitt ønskje om fritak, opp mot dei omsyn som talar for offentlegheit. Om kommunen meiner at grunngjevinga for fritak ikkje er tilstrekkeleg, vil søkjar bli kontakta slik at det er mogleg å trekkje søknaden før endeleg søkarliste vert laga.

Volda kommune

Stormyra 2
6100 Volda

Tlf: 70 05 87 00
Hjemmeside
E-post: postmottak@volda.kommune.no

I folketal er Volda kommune den største på søre Sunnmøre, og den femte største kommunen i Møre og Romsdal. Kommunen ligg strategisk til, midt i kryssinga mellom både fylker og regionar. I overkant av 10.000 personar bor i kommunen, med kort veg til både ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Med kort veg til både Sunnmørsalpane og turløyper manglar det ikkje på naturopplevingar - for heile familien.

I Volda er det både høgskule og sjukehus, som gjer at tettstaden har eit stort mangfald av menneske frå heile landet. Både student- og kulturlivet lever godt i kommunen, med tradisjonsrike festivalar gjennom kalenderåret og mange lag og organisasjonar å engasjere seg i.

I kommuneorganisasjonen er det om lag 1.000 engasjerte tilsette som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane. Om også du ønsker ein meiningsfylt og spanande arbeidskvardag oppmodar vi deg til å søke på stillingar som kommunen lyser ut.

Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!

Vis flere ledige stillinger fra samme utlyser

Vis alle ledige stillinger

Hvis du ønsker å gjøre endringer på en stillingsannonse du har meldt inn må du kontakte oss.