Klargjør siden...

Kvaløydrapa: Skuldig i drap på begge naboane

(NPK-NTB-Jan-Morten Bjørnbakk): Hålogaland lagmannsrett kom fram til at femtiåringen frå Tromsø drap både Hermod Magne Steinsund (48) og Stein Håvard Larsen (45) hausten 2014.

Det same kom Nord-Troms tingrett fram til da dei i februar i år dømde femtiåringen til 21 års fengsel med ei minstetid på ti år. Saka er spesiell på fleire måtar, ikkje minst fordi Stein Håvard Larsen aldri har vorte funnen.

– Det er ikkje krav om at ein skal ha lik, åstad eller drapsvåpen tilgjengeleg for å kunne avgjere skuld, sa dommaren.

Hermod Magne Steinsrud vart funnen skoten i heimen sin 23. september 2014. Lagretten svarte ja på spørsmålet om drapet var gjort med overlegg. Retten følgjer òg dei rettspsykiatrisk sakkunnige som har konkludert med at femtiåringen var strafferettsleg tilrekneleg da drapa skjedde.

Ankesaka held fram onsdag med prosedyrar over straffeutmålinga. (©NPK)

Annonse