Annonse

Kvartfinaletap i lagkonkurransen under junior-VM alpint

Noreg var rekna blant favorittane i lagkonkurransen i junior-VM alpint, men det vart berre 7.-plass etter at Frankrike vart for sterke i kvartfinalen.

Annonse

Det franske laget vann 4-0 på veg mot det som enda med VM-gull. Tyskland vart slått 3-1 i semifinalen og USA 3-1 i finalen.

Det starta bra for Noreg, då Kaja Norbye, Atle Lie McGrath, Marte Monsen og Lucas Bråthen alle slo dei polske rivalane sine i åttedelsfinalen. Noreg gjekk vidare med 4-0.

I kvartfinalen vart det bråstopp då dei same fire møtte overmennene sine i form av Marie Lamure, Jeremie Lagier, Doriane Escane og Augustin Bianchini.

Den franske kvartetten lét seg ikkje stoppe og tapte berre to av 16 duellar i parallellkøyring i Val di Fassa. I åttedelsfinalen vart Russland slått 4-0. Bianchini tapte duellen sin i semifinalen, Escane sin i finalen.

Tyskland tok bronse med 3-1-siger over Sverige i kampen om 3.-plass.

Tidlegare fredag vart super-G for kvinner teken av vinden i Val di Fassa. Det rennet skal i staden avviklast søndag og tel då òg som første del av superkombinasjonen for kvinner.

(©NPK)

Atle Lie McGrath og resten av Noregs lag enda på ein skuffande 7.-plass i lagkonkurransen i junior-VM alpint. Frankrike vann heile 4-0 i kvartfinalen. Foto: Ørjan Ellingvåg / NTB scanpix