Annonse

Kvinne frå Bryne drepen i Marokko

Den norske kvinna som vart drepen i Marokko, kjem frå Bryne i Rogaland, opplyser politiet.

Kvinna er 28 år, og familien bur på Bryne, stadfestar operasjonsleiar Kurt Løklingholm ved Sørvest politidistrikt overfor NRK.

Kvinna har også ei adresse i Telemark, opplyser politiet til Stavanger Aftenblad.

Jærbladet skriv at mor til den døde kvinna delte dødsbodskapen på Facebook måndag kveld.

Kvinna vart funnen drepen i eit fjellområde utanfor Marrakech saman med ei dansk kvinne.