Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Ei kvinne er sikta for forsøk på mordbrann etter at det begynte å brenne i eit kommunalt leilegheitskompleks i Grimstad.
npk@npk.no
Publisert: 06.06.2016 kl 07:51
Like over klokka tre natt til måndag vart nødetatane varsla om ein brann i ei leilegheit i Grimstad, skriv Fædrelandsvennen. Politiet rykte ut og arresterte kort tid seinare ei kvinne som var på veg bort frå åstaden.
– Brannen har starta i ei seng i den nedste leilegheita, og der budde ei kvinne for inntil kort tid sidan, før ho vart flytta til ein annan bustad i nærleiken, seier politiets innsatsleiar Glenn Sollid.
Kvinna er førebels sikta for forsøk på mordbrann. Ho vil bli avhøyrt måndag.
– Brannårsaka er i alle fall klar, så det er ikkje noko behov for krimtekniske undersøkingar på staden. Etter avhøyr av sikta får vi ta stilling til kva som skal gjerast vidare, seier Sollid.
Det var ein nabo som varsla om brannen. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.