Kvinnelege fotballovergangar for fire millionar

Forskjellen på summane det blir handla for blant kvinnelege og mannlege fotballspelarar, er kolossale.

I 2018 registrerte Det internasjonale fotballforbundet (FIFA) 577 klubbskifte blant profesjonelle fotballspelarar på kvinnesida. Berre i 20 tilfelle var ein overgangssum involvert.

Det går frav av ein FIFA-rapport.

I perioden 1. januar 2018 til 1. september 2018 vart det i alt handla kvinnelege spelarar for 493.235 dollar, det vil seie rundt fire millionar norske kroner.

På verdsbasis vart det i den same perioden registrert mannlege spelarovergangar for ein sum på 60 milliardar norske kroner.

(©NPK)