Annonse

Kvinnene kan òg få sitt Tour de France

Viss den franske UCI-presidenten David Lappartient får det som han vil, skal kvinnene få sitt eige Tour de France på sykkel.

- Det som manglar i idretten vår er eit stort etapperitt for kvinner som kan bli sett over heile verda. Tour de France kan verkeleg hjelpe oss på vegen, seier Lappartient i eit intervju med BBC.

UCI-presidenten vil ta saka opp med Tour de France-arrangørane ASO (Amaury Sport Organisation). Det er ASO som står bak eindagsrittet La Course med start og målgang i Pau. Fredag var rittet ei opptakt til den 13. etappen til mennene i Tour de France.

Lappartient håper at han kan overtyde organisasjonen om at kvinnene må få enno eit etapperitt som matchar Giro Rosa som er kvinneutgåva av Giro d'Italia.

- Eit eindagsritt er tydelegvis ikkje nok for kvinner. Viss vi vil ha eit kvinneleg Tour de France, så skal vi gjere det. Vi vil halde fram å presse på for kvinnesykling. Eg har hatt heftige diskusjonar med ASO og håper at vi kan bli samde om framtida, uttaler han.

Den britiske syklisten Sarah Storey meiner at La Course som vart køyrd for første gong i 2014, kjennest som ein symbolsk gest.

- Eg trudde at løpet ville vekse til eit kvinneleg Tour de France, men det har ikkje skjedd, skreiv ho i ein kommentar i The Telegraph.

- Ikkje misforstå. Det er betre å ha eit ritt enn ingen ritt, men når du set kvinnerittet på fredag opp ved sida av Tour de France, så kjennest det som ein symbolsk gest, skreiv ho.

(©NPK)

UCI-president David Lappartient vil at kvinnene skal få sitt eige Tour de France. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix