Kvinnenes bokse-VM blir utsett

Det er vedteke at bokse-VM for kvinner skal flyttast frå desember i år til mars neste år på grunn av koronarestriksjonar.

Det opplyser Det internasjonale bokseforbundet (AIBA).

Verdsmeisterskapen skulle i utgangspunktet arrangerast i Tyrkia frå 6. til 19. desember, og Aiba seier at dei er leie for at dei ser seg nøydde til å flytte det.

«Vi veit at mange allereie har starta førebuingane til meisterskapen og vil vere skuffa. Tryggleiken og velværet til deltakarar, trenarar og dommarar vil vere høgaste prioritet, så vi kan ikkje ta sjansen på å gjennomføre det», heiter det i ei fråsegn.

Meisterskapen skal likevel gjennomførast i mars. Det har ikkje vore VM for kvinneboksarane sidan i 2019. Nyleg vart verdsmeisterskapen for herreboksarane halden. Den fann stad i Serbia.

(©NPK)

Koronafrykt gjer at kvinneboksarane må vente i tre månader ekstra på sitt VM. Illustrasjonsfoto: Jil Yngland / NTB