Annonse

Kvinner nektar å betale festbøter – kriseleiinga i Bergen må svare i retten

Smittevernforskrifta til byrådet i Bergen blir prøvd for retten av to kvinner som nektar å godta førelegga dei fekk etter festing.

Helsebyråd Beate Husa (KrF), medisinsk fagsjef Trond Egil Hansen, avgått smittevernoverlege Karina Koller Løland og jussprofessor Hans Fredrik Marthinussen frå UiB skal alle etter planen vitne i rettssaka som kjem opp i Hordaland tingrett kommande tysdag, skriv Bergensavisen.

Det var i november 2020 at politiet vart varsla om ein fest heime hos den eine kvinna i Sandviken. I leilegheita skal det ha vore 14 gjester, blant desse den andre kvinna. På dette tidspunktet var det ikkje lov å samle fleire enn fem personar i private heimar i Bergen.

Alle på festen fekk førelegg av politiet, men dei to kvinnene nektar å godta sine. Derfor skal straffesaka opp for retten, der det skal avgjerast om forskrifta til byrådet med besøksforbodet var gyldig.

– Grunnen til at vi tek dette til retten, er at vi meiner det ei prinsipiell sak om kva minstekrav vi kan stille til forarbeidet til byrådet når dei vedtek dei strengaste inngrepa i personleg fridom sidan krigen. Klientane mine skal ikkje straffast for ei ugyldig forskrift og ønskjer ei prøving av gyldigheita, seier forsvararen for dei to kvinnene, Didrik Rodarte, til BA.

(©NPK)