– Kvinner speler hovudroller i Bibelen

– Mange av Bibelens kvinner er sterke og handlekraftige personar som kunne gått i bresjen for dagens kvinnekamp, seier Alf Kjetil Walgermo.

Forfattar og journalist Alf Kjetil Walgermo er aktuell med boka «Bibelens kvinner. Historiene som forma verda», og han meiner at maken til interessante og mangefasetterte rollepersonar, det skal du leite lenge etter.

– Men dei har ofte hamna i skuggen av menn. Det er det ingen grunn til, seier forfattaren – og utdjupar til NTB:

– Forståinga av kvinner i Bibelen har i stor grad bygd på korleis samfunnet har sett på kvinner, og eg ser det som ekstremt viktig å vise fram kor sentrale roller kvinnene har i den boka som utgjer trusgrunnlaget for over to milliardar menneske.

– Ei anna skapelsesberetning

Om bakgrunnen for «bokkallet» seier forfattaren at det brenn litt. Religion har opp igjennom historia vorte brukt til å halde kvinner nede og «på plass».

– Men ser vi nærare på bibelhistoriene, så ser vi kor essensielle dei i alle måtar er. Utan kvinnene er kristendommen umogleg. Dei speler ei avgjerande hovudrolle i Bibelen og i verdshistoria. Jo meir eg vart klar over dette, jo sterkare merka eg at denne bodskapen må ut. No. Til alle, held han fram – og legg til at han ser ein ekstra aktualitet i dette stoffet no som debatten om kvinnelege prestar har blussa opp på ny.

– Og kvinner er framleis i betydeleg mindretal som toppleiarar i næringslivet. Glastaket vi trudde det singla i, ligg der framleis. Internasjonalt står det endå dårlegare til: I mange land er ikkje kvinnene i nærleiken av å ha dei same moglegheitene som menn. Tankegodset bak denne uhaldbare situasjonen kjem mellom anna frå tolkingar av Bibelens historier. I den kjende skapelsesberetninga blir som kjent Eva skapt av Adams sidebein, ho blir «den andre». Men det finst òg ei anna skapelsesberetning i Bibelen. Her blir mannen og kvinna skapt samtidig, heilt likestilte, og denne forteljinga er det viktig å synleggjere.

Forfattaren peikar òg på Eva som den positivt handlekraftige i Edens hage.

– Når kvinna søkjer kunnskap og et av frukta, bryt resten av verda fram. Det er Eva som skaper menneskets historie.

Paulus og kvinnene

Å skulle fordjupe seg i eit såpass omtalt, omfattande, tolka, elska og hata verk er ikkje utan utfordringar, forsikrar forfattaren – som ikkje berre har sett på korleis dei ulike kvinnene blir framstilte i bibeltekstar. Han hentar òg inn døme frå biletkunsten, skjønnlitteraturen, musikken og filmen.

– Eg måtte bli eit fullblods renessansemenneske for å skrive boka, som gir ein bredspektra, popularisert og tverrfagleg inngang til bibelstoffet. Mykje, mykje, arbeid. Men du verda, så gøy det har vore, seier Walgermo som har plukka ut 49 meisterverk frå kunsthistoria som illustrasjonar til boka.

Etter kvart som han fordjupa seg stadig meir i Bibelens kvinner, kom han òg over nokre overraskingar.

– Det som overraska meg mest, var at Marta frå Betania kunne vore grunnleggjaren av kyrkja i staden for apostelen Peter. I så fall ville vi hatt ei verdshistorie med ei rekkje kvinnelege pavar, i staden for null, og Peterskirken i Roma ville heitt Martakirken. Mange kvinner ville vore sparte for usynleggjering og liding.

Forfattaren fortel òg at Paulus, godt kjent for ikkje å tillate kvinner å tale i forsamlingar, faktisk ikkje kunne ha drive verksemda si utan alle kvinnene han samarbeidde med.

Walgermo held vidare fram mangfaldet av kvinner i det bibelske materialet som nesten overveldande i all si breidd, og alt sitt omfang.

– Dei fleste av oss kan komme på eit par bibelske kvinnenamn, som Eva og Maria. Men det finst nesten 200 namngjevne kvinner i Bibelen – og fleire hundre som ikkje er nemnt med namn, seier forfattaren. Og lurer på om vi veit at dronning Ester berga folket sitt ved å invitere kongen på fest. Og at den prostituerte Rahab redda livet ved å fire spionar ut av vindauget.

– Mange av Bibelens kvinner er mødrer, døtrer og søstrer, men vi finn òg profetkvinner og heksekvinner, gudfryktige kvinner og skruppellause kvinner, kvinner som sigrar i krig, og kvinner som skaper fred. Spennvidda er enorm.

Favorittane

Nokre av kvinnene vart ekstra levande for han under bokarbeidet, seier Walgermo – og trekk fram Marta, ho som fekk litt refs av Jesus fordi ho ville at søstera Maria skulle ta i eit tak med husarbeidet.

– Ho fortener ei skikkeleg oppreisning! Eg har òg nokre favorittar blant dei meir hardtslåande kvinnene i Det gamle testamentet: Jael slår i hel ein fiendtleg hærførar – og Judit får has på ein annan hærførar ved å forføre han og drikke han under bordet før ho kappar hovudet av han. Begge kvinnene er handlekraftige, passe utspekulerte og har tæl nok til ikkje å la seg pille på nasen av menn, seier forfattaren, og minner om alle dei heftige actionscenene som har fått plass i boka. Men som ein både fredsæl og ettertenksam person står historiene om Maria, Jesu mor, som kanskje ekstra appellerande for han.

– Eg kan ikkje la vere å nemne henne, sjølv om ho er ein av få bibelkvinner som faktisk har fått den merksemda ho fortener. Evna hennar til å ta vare på viktige hendingar i hjartet sitt, og reflektere over dei, er framifrå. Og Maria opplevde, som eg sjølv gjorde for nokre år sidan, å miste eit barn. Sorga hennar står ikkje omtalt i bibelteksten, men den har ein sentral plass i biletkunsten. Marias tårer er til trøyst for alle oss som har mista nokon vi er glad i, seier Walgermo.

Fakta om Alf Kjetil Walgermo

  • 42 år.
  • Forfattar og journalist.
  • Har utgitt barne- og ungdomsbøker og utgav for tre år sidan «Røff guide til Bibelen».
  • No er han aktuell med «Bibelens kvinner. Historiene som forma verda» frå Samlaget.

(©NPK)

– I vår usikre tid er det meir enn nokon gong viktig å løfte fram historiene som har forma verda vi lever i. Her spelar Bibelens kvinner viktige roller, seier forfattar og journalist Alf Kjetil Walgermo. Foto: Agnete Brun

– Bibelen rommar alt frå den djupaste smerte til den høgaste jubel. Også kvinnene sine erfaringar er mangfaldige – og ikkje minst viktige, seier forfattar og journalist Alf Kjetil Walgermo. Foto: Tone Leksbø Walgermo

– Mange av Bibelens kvinner er sterke og handlekraftige personar som kunne gått i bresjen for dagens kvinnekamp, seier Alf Kjetil Walgermo til NTB. Foto: Agnete Brun

Slik ser boka om Bibelens kvinner ut. Boka hentar døme frå kunsten, litteraturen, musikken og filmen. Foto/Ill.: Samlaget