Kvinner utgjer berre ein femdel av artistane på festivalscener

I snitt er det berre 21 prosent kvinnelege artistar på festivalscenene i sommar, skriv Dagens Næringsliv.

Avisa har gått gjennom artistar og band frå dei åtte største musikkfestivalane denne sommaren. I snitt er berre 21 prosent av artistane kvinner, medan kvinneband utgjer berre 3 prosent av programma.

Dagleg leiar Tone Østerdal i Norske Konsertarrangørar seier at tala ikkje er overraskande, sjølv om det ikkje burde vere sånn.

- Det er ekstremt mange bra kvinnelege artistar, instrumentalistar og band. Bransjen har strukturelle utfordringar. Dei som bookar er i all overvekt menn. Dette må vi jobbe med. Bransjen er allereie ganske konform og kvit. Det er viktig at vi speglar mangfaldet i samfunnet, seier Østerdal.

DN har samla inn tala frå mellom anna Stavernfestivalen, Bergenfest og Palmesus.

- Vi har ikkje tenkt gjennom det når vi bookar, men eg trur det er litt tilfeldig. Vi har tunge, internasjonale artistar som Swedish House Mafia og Travis Scott, og det handlar om kva som er tilgjengeleg, seier dagleg leiar Ole Christian Mørk i Stavernfestivalen.

(©NPK)

Palmesus-festivalen er kvar sommar i Kristiansand. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix