Kviterussland hentar heim ambassadøren sin frå Paris

Etter at Frankrikes ambassadør i Kviterussland i helga vart send tilbake til sitt eige land, kallar Kviterussland tilbake sin eigen ambassadør i Paris.

– Kviterusslands ambassadør til Frankrike, Igor Fisenko, har vorte kalla tilbake til Minsk for konsultasjonar, heiter det i ei fråsegn frå det kviterussiske utanriksdepartementet måndag.

Søndag melde den franske ambassaden i Minsk at ambassadør Nicolas de Lacoste hadde vorte beden om å forlate landet. Grunnen var at han ikkje overleverte akkreditiva sine til president Aleksandr Lukasjenko – han gav dei i staden til utanriksministeren.

Frankrike har som andre EU-land ikkje anerkjent valresultatet frå i fjor, der Lukasjenko hevda å ha vunne ein sjette presidentperiode. Valet førte til massive protestar i landet.

(©NPK)