Klargjør siden...

Kygo vinnar av musikk-eksportpris

(NPK-NTB): Kyrre Gørvell-Dahll, betre kjent som Kygo, er vinnar av eksportprisen for musikkindustrien for 2015.

Kygo hadde fleire store hits i fjor og gjorde seg merkt på salslistene i fleire marknader. Blant anna blei han den artisten som raskast har nådd éin milliard avspelingar på Spotify.

Eksportprisen blir delt ut av Music Norway og Spellemann.

Med prisen følgjer også stipendet «Det var her det begynte» på 100.000 kroner, som er gjeve av Kulturdepartementet. Stipendet er vinnaren forplikta til å gi vidare, og elektronikaartisten frå Bergen vende blikket mot heimbyen då han gav prispengane til det regionale kompetansesenteret Brak.

– Det er moro å sjå at norsk musikk er i vinden internasjonalt for tida. Det er ingen fasitsvar på korleis ein skal leggje opp satsinga sin. Vi fekk mykje hjelp av Brak i byrjinga med mange gode råd, seier Kygo ifølgje ei pressemelding frå Music Norway. (©NPK)

Annonse