Kyrkja heldt stand mot koronaen

Færre fekk med seg gravferder og konsertar i kyrkja i fjor. Men totalt sett besøkte mange kyrkja, rett nok for det meste digitalt.

På nasjonalt plan gir 82 prosent av kyrkjemedlemmene opp at dei har besøkt kyrkja i 2020, anten digitalt eller fysisk. I 2019 vart det berre spurt om fysiske besøk, og då gav 87 prosent opp at dei hadde vore i kyrkja. Deltaking i gravferder og kulturarrangement i kyrkja har minka mest, viser medlemsundersøkinga til kyrkja.

Kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum hadde frykta ein langt større nedgang med stengde kyrkjer og tak på talet på gjester i både bryllaup, konfirmasjonar og andre seremoniar.

– Takka vere ein fantastisk innsats frå dei tilsette til kyrkja og frivillige over heile landet har ein kunna møte kyrkjemedlemmer både fysisk og gjennom digitale møtepunkt og sendingar, seier ho.

(©NPK)

Mange kyrkjer har vore stengde, og det har vore sterke avgrensingar på talet gjester i både bryllaup, konfirmasjonar og andre seremoniar. Arkivfoto: Gorm Kallestad / NTB