Annonse

Kyrkjebenkar er ikkje fastmonterte sete, konsertarrangørar fortvilar

Norske Konsertarrangører er oppgitt over at kyrkjesete ikkje blir definert som fastmonterte sete. Regelen fører til maks 50 personar på årets julekonsertar.

Annonse

Dei nye smittevernreglane seier at innandørs arrangement med fastmonterte sete kan ha opptil 200 personar. Men kyrkjesete blir ikkje definert som fastmontert, og dermed kan det ikkje vere fleire enn 50 personar på årets julekonsertar, skriv NRK.

– Dette vil i praksis bety ei ny nedstenging av kulturfeltet og ei urimeleg forskjellsbehandling mellom dei som tilfeldigvis har fastmonterte sete, og dei som ikkje har det, seier Tone Østerdal frå Norske Konsertarrangører.

Kulturminister Abid Raja seier til NRK at han har stor forståing for at kulturlivet er frustrert og fortvila.

– Dei nye reglane for billetthallar vil påverke økonomien til arrangementa. Vi i regjeringa følgjer utviklinga nøye og vurderer det løpande behovet for endringar og justeringar i dei økonomiske støtteordningane, seier Raja.

Han seier regjeringa òg vil sjå på behovet for å justere ordninga undervegs.

(©NPK)

Julekonsertar i kyrkja får ikkje ha fleire enn 50 personar som publikum. Dette fordi kykjebenkar ikkje blir definert som fastmonterte sete. Foto: Terje Bendiksby / NTB