Löfven får regjeringsoppdraget

Socialdemokraternas Stefan Löfven får oppdraget med å prøva å danna ei ny regjering i Sverige, opplyser talmann Andreas Norlén.

Löfven får to veker på seg og eit ope mandat til å danna ei regjering som kan godkjennast av Riksdagen.

Talmannen seier at han ikkje lèt seg stressa av at prosessen blir dregen ut etter valet 9. september. Norlén peikar på at fire veker ikkje er lang tid i lys av den parlamentariske situasjonen i Sverige.

- Derimot er det viktig å ikkje dra prosessen unødvendig ut, seier Norlén.

Han oppmodar partia til å vika frå posisjonane sine, slik at ei regjeringsdanning skal bli mogleg.

Planen til Löfven

Måndag morgon gav Löfven talsmannen for Riksdagen, som svarar til stortingspresidenten vår, beskjed om at han er klar til å ta på seg oppdraget med å sondera moglegheitene. Löfven ser ut til å ha planen klar.

- Det beste for Sverige ville vera eit blokkoverskridande samarbeid. Eg står til disposisjon for talmannen med å leia prosessen og koma fram til ei slik løysing, sa Löfven på ein pressekonferanse like etter møtet med talmannen.

- Einaste måte

Søndag gav leiaren for Moderaterna, Ulf Kristersson, opp forsøket med å danna ei regjering bygd på den borgarlege Alliansen etter at både sentrumspartiet Centern og Liberalerna sa nei til det siste forslaget hans.

Valet i Sverige for vel ein månad sidan enda med at ingen av dei to blokkene fekk parlamentarisk fleirtal. Sverigedemokraterna (SD) ligg på vippen, men verken sentrum-høgre eller sentrum-venstre ønskjer å samarbeida med partiet til Jimmie Åkesson.

- Eg meiner at rundane den siste veka har ført til ei forsterka overtyding om at den einaste måten å koma over den noverande fastlåste situasjon i svensk politikk, er å bryta blokkpolitikken, seier Löfven.

Åkesson: - Rimeleg

Talmannen har framleis tre forsøk på seg til å føreslå ein ny statsminister for Riksdagen, sidan Kristersson kasta inn handkleet før eit regjeringsalternativ var klart. Om ingen av forsøka lykkast, skal det lysast ut nyval.

SD-leiar Åkesson meiner at det er rimeleg at regjeringsoppdraget går vidare til Löfven.

- Om talmannen skal halda fram å gje sonderingsoppdraget til nokon, så er det Stefan Löfven som burde får det, seier han, ifølgje SVT.

(©NPK)

Stefan Löfven halde pressekonferanse etter møtet sitt med talmannen.
Foto: Claudio Bresciani / TT / NTB scanpix

Talsmann for Riksdagen, Andreas Norlén.
Foto: Stina Stjernkvist /TT / NTB scanpix