Annonse

Lütken tok 4.-plass i para-VM i friidrett

Odd Markus Lütken frå Steinkjer vart nummer fire på 100 meter RR3 med tida 19,92 under para-VM i Dubai fredag ettermiddag.

Annonse

Sigeren gjekk til Storbritannias Gavin Drysdale med 16,72. Han vann føre briten Rafi Solaiman som hadde 17,38.

Brasilianaren Adriano Ferreira de Souza tok bronse på 18,25.

Dei tre første er opphavlege RR3-deltakarar. Lütken konkurrerer opphavleg i RR2, men i VM er dei to klassane slått saman.

(©NPK)