Annonse

Ideologidebatt i Frp blir lagt død

Stortingsrepresentant Christian Tybring-Gjedde ville dra Framstegspartiet i ein nasjonalkonservativ retning, men no er debatten lagt død.

Annonse

I eit intervju med TV 2 denne veka tok stortingsrepresentanten i kraftige ordelag opp behovet for å verne om den norske kulturarven og nasjonalstaten. Han foreslo at partiet droppar liberalisme.

- Eg ønsker eit Frp som går i ein nasjonalkonservativ retning, som set nasjonen Noreg først, kulturen vår og det vi står for, vårt eige land først, sa Tybring-Gjedde.

Fredag fekk han ikkje med seg sentralstyret på den ideen.

- Vi har vorte samde om at vi legg den ballen død, og så går vi vidare. Eg aksepterer det, men det var sunt å få litt debatt, sa Tybring-Gjedde då han møtte pressa etter sentralstyremøtet fredag ettermiddag.

Tybring-Gjedde har ønskt ei totalrenovering av partiet. Først og fremst ville han revurdere Framstegspartiets ideologiske grunnlag slik det er nedfelt i partiprogrammet og stryke ordet liberalisme.

- Frp bør tenke heilt nytt. Partiet må rustast opp for å kunne takle samfunnsutviklinga som i stor grad resten av partia har skapt. Globalisme er rotløyse sett i system. La oss verne om nasjonalstaten, skreiv Tybring-Gjedde på Facebook.

Han meiner det er nødvendig å vere skeptisk til EU og FNs innverknad på ei rekke område.

(©NPK)

Christian Tybring-Gjedde etter møtet i Frps sentralsyre fredag. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix.