Landa rundt Tsjadsjøen går saman i kampen mot islamistar

Dei fire landa som grensar mot Tsjadsjøen i Vest-Afrika vil skaffe 900 millionar kroner for å kjempe mot militante islamistar.

Dei fire landa vil bygge opp eit fond som også skal brukast til å motverke klimaendringar. Vest-Afrikas største innsjø har skrumpa inn med 90 prosent sidan 1960-talet som følgje av global oppvarming og dårleg forvalting av vassressursane.

Islamistgruppa Boko Haram er sterkt til stades i denne regionen. Ein over ti år lang terrorkampanje har tatt livet av tusenvis av menneske og fordrive over to millionar frå heimane sine.

Dei fire landa - Kamerun, Tsjad, Niger og Nigeria - har oppretta ei styringsgruppe for stabiliseringsfondet, som mellom anna skal brukast som ein hurtiginnsats til landsbyar som er utsette for Boko Harams herjingar, heiter det.

Toårsprosjektet skal starte opp i september og vil vere heilt avhengig av bistand frå utlandet. Målet er å bygge opp fondet til 900 millionar kroner. Sverige skal bidra med 70 millionar kroner, medan EU, Storbritannia og Tyskland har lova å setje middel inn i fondet.

Samtidig med at nyheita om det felles prosjektet vart kunngjort, kom det melding om at militante jihadistar har bortført seks personar i Nigerias nordaustlege delstat Borno, eit område der det har vore kraftige samanstøyt dei siste dagane.

Hjelpeorganisasjonen Action Against Hunger opplyser at ein av sjåførane deira vart drepne då ein kolonne med hjelpearbeidarar vart overfallen utanfor byen Damasak, nær grensa mot Niger. Ein lokalt tilsett, to sjåførar og tre helsearbeidarar er sakna.

(©NPK)