Annonse

Landslagshoppar gjennom ny kneoperasjon

Skihoppar Thomas Aasen Markeng (20) blir ikkje å sjå under NM i Oslo i helga. Totningen har igjen hatt eit inngrep i kneet.

Det var i desember i fjor at korsbandet i venstrekneet rauk for Markeng. Han øydela òg menisken i det same fallet i Klingenthal i Tyskland, men kom overraskande raskt tilbake frå skadeavbrekket.

No har han bestemt seg for at det blir mindre hopping i vinter. Nyleg fekk han gjort ein mindre operasjon. Han deltek derfor ikkje i NM i liten bakke i Midtstubakken denne helga.

– Eg har fjerna ein skrue og litt vev i kneet. Håpet er at eg skal vere tilbake i bakken når snøen kjem, seier Markeng til NRK.

20-åringen legg til at det er lite truleg at han hoppar alle verdscuphelgane i 2020/2021-sesongen.

– Eg er framleis ung, og det kjem eit OL neste år.

(©NPK)

Thomas Aasen Markeng har vore gjennom ein ny operasjon i venstrekneet. Foto: Geir Olsen / NTB